Det siste døgnet har Russland gjennomført omfattande luftangrep mot fleire ukrainske mål i hovudstaden Kyiv og i andre regionar.

– Totalt sidan midnatt onsdag har Russland brukt meir enn 1560 dronar mot byane og lokalsamfunna våre, skriv Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på Telegram.

Redningsmannskapar tar ut skadde etter omfattande droneangrep mot Kyiv

Angrepa kjem etter at ei tre dagar lang våpenkvile mellom Russland og Ukraina gjekk ut tysdag.

– Dette er definitivt ikkje handlingane til nokon som trur at krigen nærmar seg slutten, skriv den ukrainske presidenten.

Minst ein drepen i Kyiv

Natt til torsdag blei det gjennomført nye omfattande russiske angrep mot ukrainske mål.

Mange av dei over 670 dronane og 56 missila som blei fyrte av mot Ukraina, var retta mot mål i og rundt Kyiv.

Ifølge Zelenskyj er hovudstaden treft minst 20 ulike stader.

– Dette er vanlege bustadhus, ein skule, ein dyreklinikk og anna reint sivil infrastruktur, skriv han.

Redningsarbeidere bærer en skadet person ut fra et skadet bygningsverk. Bak dem arbeider flere redningsmannskaper på stedet. Flere av personene bærer hjelm og verneutstyr. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Skadde blir frakta ut av ei øydelagt bustadblokk etter eit russisk luftangrep.

Foto: ROMAN PILIPEY / AFP,NTB

Minst ein person er drepen i angrepa. I tillegg er minst 16 personar sende til sjukehus med skadar, ifølge Tymur Tkatsjenko, som er leiar for den militære administrasjonen i Kyiv.

Han seier at vrakrestar frå dronar trefte taket på ei bustadblokk.

Interessert i utanriksstoff? Hald deg oppdatert med NRKs utanrikspodkast.

Publisert

14.05.2026, kl. 08.43