«Fjord» handlar om ein norsk-rumensk familie som flyttar til ein liten tettstad i Noreg. Familien har fem barn, og det tar ikkje lang tid før skolen mistenker at familien driv med fysisk avstraffing av barna.

Filmen blei spelt inn i Noreg for eitt år sidan, og har fleire internasjonale skodespelarar, blant dei Sebastian Stan.

Den rumenskfødde amerikanaren har tidlegare spelt i både «Captain America: The First Avenger» og «Black Swan».

Reinsve speler mora i filmen, som er rive mellom ulike kulturar, opptatt av å ta dei rette vala for barna sine.

– «Fjord» er ei av dei beste opplevingane eg har hatt mens eg har filma. Eg lærte så mykje av Cristian og måten han nærmar seg ein karakter og scenene på, mens vi filma i utruleg natur, seier Reinsve.

Reinsve vann pris som beste kvinnelege skodespelar i Cannes i 2021, for rolla i «Verdens verske menneske». Tidlegare i år var ho nominert som beste kvinnelege skodespelar for «Affeksjonsverdi».

Andre skodespelarar i filmen, som er regissert av Cristian Mungiu, er Lisa Loven Kongsli, Ellen Dorrit Petersen og Christian Rubeck.

Filmen har premiere i Noreg 4. september.

Publisert

13.05.2026, kl. 13.05

Oppdatert

13.05.2026, kl. 13.06