Saka oppsummert:

  • Stine Steinhaug deler trenings- og kosthaldsråd med nesten 70.000 følgarar på TikTok.
  • Ho er meir medviten på kva ho legg ut etter å ha erfart korleis kroppsfokus kan bli altoppslukande.
  • Helsedirektoratet åtvarar mot helseråd på sosiale medium og har lansert ein kampanje for å fremje trygg og dokumentert kunnskap.
  • Seks av ti unge synest det er vanskeleg å vite kven ein kan stole på når det gjeld helseinformasjon.

Lange løp, smilande venninner og middagsretter fyller TikTok-profilen til Stine Steinhaug.

– Eg postar på sosiale medium i bunn og grunn for å inspirere og å vere eit forbilde.

Ho er utdanna personleg trenar og deler trenings- og kosthaldsråd for nesten 70.000 følgarar på TikTok.

En kvinne med blondt hår filmer seg selv med en mobiltelefon. Hun står i et treningsstudio med en tripod foran seg. Kvinnen er iført en trenings-topp og shorts. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)En kvinne utfører knebøy med vektstang i et treningsstudio. En mobiltelefon viser et opptak av kvinnen som trener. Telefonen er plassert på et stativ foran henne. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Stine har vore aktiv på sosiale medium sidan 2022, og har delt over 1000 innlegg frå treningskvardagen sin.

Før la ho ut videoar med kor mange kaloriar det var i ein frukost eller middag.

Det har ho slutta med no.

En ung kvinne med blondt hår sitter med blikket vendt nedover. Hun har på seg en blå genser. I bakgrunnen er en svart lampe og en mørk bakgrunn. Det er et lyst rom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)En person holder opp en mobiltelefon som viser en video. På skjermen er en kvinne med grønn genser som viser magen. Teksten "Make dinner with me 433 kcal - 57g protein" vises på videoen. Videoen er en del av sosiale medier, sannsynligvis TikTok. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ho fekk ein vekkjer då ho merka at fokuset hennar på mat og kropp hadde gått for langt.

Ho var opptatt av å ha streng kontroll på kva ho åt og likte ikkje utsjånaden sin.

– Eg hadde nokre litt aggressive cuts sjølv og begynte å tulle litt med maten, og det at ein aldri blir nøgd med utsjåandet.

Halvparten av unge mellom 15 og 24 år blir ofte eller av og til inspirerte av innlegg om mat på TikTok, viser ferske tal frå Norske spisefakta 2026 frå Ipsos.

No ønsker Helsedirektoratet å rydde opp i informasjonsoverfloda.

– Direkte skadeleg for helsa

– I beste fall er ein forvirra, men i verste fall kan ein ende opp med å gjere val som er direkte skadelege for helsa, seier Live Bøe Johannessen, kampanjesjef hos Helsedirektoratet.

Seks av ti synest det er vanskeleg å vite kven ein kan stole på når det gjeld råd om helse, viser ei undersøking frå Helsedirektoratet.

Dei har laga ein informasjonskampanje der dei ønsker å vise kva for nokre råd ein kan stole på.

– Målet er eigentleg ikkje å fortelje folk kva sanninga er, men å vise at i mediekaoset som er der ute, finst det faktisk trygg, dokumentert kunnskap som ein kan stole på, seier Johannesen og viser til heimesida deira på helsenorge.no.

plakat

Helsedirektoratet har hengt opp desse plakatane i bybildet.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

Ho understrekar at det ikkje er enkeltinfluensar som er problemet.

Utfordringa er at mange stemmer roper høgt om kosthald, trening og helse slik at ein kan begynne å tvile på kunnskapen ein eigentleg har.

– Gjer de noko meir enn informasjonskampanjen for å rydde opp i informasjonskaoset?

– Det pågår mange ulike initiativ, både faglege og politiske. Eit døme er marknadsføringsforbodet for usunn mat og drikke retta mot barn, og å setter tydelegare grenser for innhald også i sosiale medium.

Samstundes meiner ho at vi nok må akseptere at mediekvardagen er fragmentert og at det er vanskeleg å vite kva som er sant og ikkje.

– Derfor er det stadig viktigare at folk veit kor dei finn kunnskapsbasert og trygg informasjon.

en kvinne som snakker med en mann (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Live Bøe Johannessen håper dei kan bidra litt til å rydde opp i informasjonskaoset.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Men sjølv om ein kan få inntrykk frå sosiale medium at «alle» går på ein diett, er ni av ti nordmenn altetande.

Det seier seniorforskar Annechen Bahr Bugge ved forbrukarinstituttet SIFO ved Oslo Met.

– Det er veldig, veldig, veldig få som går på ekstremdiettar, men dei får mykje merksemd i media.

Ifølge henne er det heller ikkje utelukkande negativt å hente matinspirasjon på TikTok.

– For unge er mat på TikTok ikkje berre oppskrifter, men ein sosial og kreativ praksis der ein kan delta, kommentere, kopiere og vidareutvikle andre sitt innhald.

– Dritlei cut og bulk

Stine brukar mellom 15 til 20 timar i veka på trening.

Resten av tida går til jobben som online coach og sponsorsamarbeid på sosiale medium.

– Eg er meir medviten no på kva eg legg ut enn tidlegare, seier ho.

I dag prøver ho å heller å fokusere på treningsglede og balanse mellom styrketrening, løping og kosthald.

Kvinne i treningstøy med mikrofon festet. Hun ser til siden i et treningsstudio. Bak henne er det uskarpe mennesker og treningsutstyr. Et stativ med en telefon er synlig i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Stine Steinhaug deler trenings- og kosthaldstips på sosiale medium.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Eg var så lei kroppsfokuset og ville heller gå over til å tenke på prestasjon. Eg er dritlei kaloriar, cut og bulk og alt det der. Det blir altoppslukande.

– Du postar framleis mykje kropp. Kan det påverke folk negativt?

– Det kan jo sikkert det, og ein veit jo aldri kor mykje folk blir påverka av innhaldet mitt. Men viss ein blir påverka negativt, så gjerne berre slutt å følge meg.

Publisert

14.05.2026, kl. 21.28