Rett før klokka 08.00 meldte Vest politidistrikt om trusselsituasjon i Strusshamn i Askøy kommune utanfor Bergen.
– Dei innleiande meldinga gjekk på at det var ein trusselsituasjon, og me rykte ut med ein rad ressursar, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Mellom anna fekk dei melding om at ei kvinne skal ha truga med pistol, og situasjonen var lenge uoversiktleg.
Dette viste seg seinare å ikkje stemma.
– Me jobba ei stund med å få avklart forholdet. Men slik me forstår det no, har det ikkje vore ein trusselsituasjon, seier operasjonsleiaren til NRK.
Dei har ingen haldepunkt for at det har vore truga med pistol.
Men på ein adresse vart ei kvinne i 80-åra funne skadd.
– Ho hadde skader i ansiktet, og får tilsyn av helsepersonell, fortel Dahl-Michelsen.
Ifølgje politiet skal den eldre kvinna ha vorte utsett for vald i eller utanfor sin egen heim.
Ei kvinne i slutten av tenåra vart arrestert av politiet.
Denne kvinna skal ha vore involvert i dei første meldingane til politiet.
– Bakgrunn og motiv for valdshendinga er ikkje kjent. Kvinna får tilsyn av helsepersonell, seier operasjonsleiaren.
Det er førebels ikkje avklart kva den arresterte kvinna skal verta sikta for.
– Me snakkar med fleire vitne i saka, seier operasjonsleiaren.
Politiet jobbar med å få oversikt etter melding om truslar på ei adresse på Askøy fredag morgon.
Publisert
15.05.2026, kl. 08.08
Oppdatert
15.05.2026, kl. 09.11