Fredag har starta med sol og eit tosifra tal varmegrader fleire stader i nord.
Temperaturane skal fortsette å krype oppover.
– Det blir varmare utover dagen, og det blir stort sett sol og klarvêr i heile Troms. Nokre spreidde skyer blir det, og litt vind – på utsette stader opp mot stiv kuling.
Det seier statsmeteorolog ved Vervarslinga i Nord-Norge, Markus Onarheim Løkken.
Olderhamna på Finnsnes badar i sol fredag.
Foto: Malin Straumsnes / NRK
Vêret er fredag litt meir variabelt i Finnmark.
– Det er ein front på veg gjennom fylket. Det er tett skydekke og regn i aust, og mindre skyar i vest.
Statsmeteorologen seier at laurdagen blir betre i begge fylka.
– Det blir nok ein enda finare dag. Det blir mykje sol i Troms. Det blir ein god del sol og fint også i Finnmark, men mest skyar i aust.
Raudt, kvitt, blått og grått
Trass ein strålande laurdag i Troms, er det nok søndagsvêret dei fleste er spente på.
Da skal nasjonaldagen feirast.
Mange har nok eit stort ønske om ein like strålande dag som laurdagen ser ut til å bli.
Andre håpar kanskje at det ikkje blir for varmt, for da kan ein fort bli rimeleg sveitt i bunaden.
Blir det vêr for Bunaden for Bardu og Målselv, og andre bunader og festdrakter i tjukt ullstoff? Bildet er frå da prinsesse Ingrid Alexandra i fjor stilte i den første nordnorske bunaden ho eig.
Foto: Lise Åserud / NRK
Meteorologen kan nok ikkje glede alle.
– Det blir kanskje ein grå dag i Troms. Det blir ikkje ein like fint som laurdag, seier Løkken.
Men han understrekar at det blir ikkje ein dårleg vêrdag heller.
– Det blir skiftande bris, milde temperaturar, og det ser ikkje ut til at det blir noko særleg regnvêr. Det kan bli klarvêr heilt tidleg på dagen, men det går over til overskya vêr.
Varierande i Finnmark
Meteorologen er tydeleg på at vêret passar for dei som skal ikle seg festklede i ull.
– Ein koker ikkje vekk i bunad.
Det gjer ein nok ikkje i Finnmark heller.
– Det ser ut som at det blir sørvestleg bris, og frisk bris på kysa. Det kan bli litt regn, heilt i aust om vi er uheldige, seier Løkken.
Sola kan vise seg på nasjonaldagen i Vest-Finnmark. Her frå Alta i fjor.
Foto: Johan Isak Niska / NRK
Det kan bli regn i Aust-Finnmark, og finnmarkingane i vest får sola på visitt.
– Elles blir det opphald og lettskya. Det kjem også til å bli solgløtt, fleire stader. Spesielt på kysten i vest.
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
17. mai på Svalbard
I Longyearbyen er det fredag 2 varmegrader, frisk bris på kysten og nedbør.
På nasjonaldagen kan dei også trenge i allvêrsjakke.
– Det ser ut til at det blir både regnvêr og sludd. Temperaturgrensa flyttar seg litt rundt på øya, men i Longyearbyen blir det for det meste regn. Det blir etter kvart opphaldsvêr, men med fare for nokre regnbyer, seier statsmeteorologen
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
Publisert
15.05.2026, kl. 10.40