SISTE: Like før klokka 19:30 vart ein mann stadfesta omkomen. Pårørande er varsla og blir følgt opp av kriseteam.

Klokka 17:18 fredag fekk politiet i Innlandet melding om ei fallulukke i Jotunheimen, nærare bestemt ved fjelltoppen Geite i Smørstabbtindan i Lom kommune.

Redningshelikopter, luftambulanse, politi og frivillige vart kalla ut. Redningshelikopteret landa i Sogndal på veg til området, truleg for å ta med seg mannskap frå NARG.

– Ein person sit fast i ein bresprekk, og ein annan i turfølgjet har varsla, opplyser operasjonsleiar Frode Øvreås.

Han stadfestar til GD at store redningsmannskap er tilkalla då turfølgjet ikkje har utstyr til å berga personen sjølv.

Men rundt klokka 18 får politiet melding om at eit anna turfølgje kom forbi og kunne hjelpa med å få vedkomande opp av sprekken.

Personen skal ha falle sju til åtte meter ned.

– Det har vore dialog med vedkomande og personane i turfølgjet undervegs, seier Øvreås til GD.

Skadeomfanget var først uavklart, men politiet skildra situasjonen som alvorleg.

Det vart utført hjarte- og lungeredning, men ulukka fekk tragisk utfall. Livet stod ikkje til å berga.

Mannen er frakta ut av fjellet og vil bli obdusert, opplyser politiet.

FJELLTOPPAR: Det er ei vakker utsikt frå Storebjørn mot fjelltoppane rundt Smørstabbrean om vinteren - men kva heiter alle toppane og ryggane? Lomkommune sitt formannskap skal behandle namnesaken 12. februar. Bilete viser Veslebjørn (f.v), Bjørnungen, Store Smørstabbtinden, Kniven, Sauen, Sokse og ryggen mellom Sokse og Geite. foto: KnutStorvik

Biletet viser Veslebjørn (f.v), Bjørnungen, Store Smørstabbtinden, Kniven, Sauen, Sokse og ryggen mellom Sokse og Geite. Det skal vera i dette området ulukka har skjedd.
Foto: Knut Storvik