Du har kanskje høyrt om «TACO», «Trump always chickens out». Idéen om at Trump har store ord og lovnader, men trekker seg alltid i siste liten.

No har akjerhandlarane diska opp med ein ny meksikansk middagsrett som skildrar forventingane deira til den amerikanske presidenten: «NACHO» «not a chance Hormuz opens», eller ingen sjanse for at Hormuz opnar.

Kinas president Xi Jinping hilser på USAs president Donald Trump. De to lederne står utendørs og håndhilser. Flere menn i dress står bak dem. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Vertspresident Xi Jinping viste Donald Trump mellom anna hagen i Zhongnanhai under det to dagar lange besøket denne veka.

Foto: Evan Vucci / REUTERS,NTB

Fredag kjem det motstridande meldingar om at Hormuz er opna.
– Alle skip kan passere Hormuzsundet, bortsett fra land som er i krig med oss, uttalte Irans utanriksminister Abbas Araghchi til nyheitsbyrået Reuters i dag.

Likevel held oljeprisen fram med å stige.

Ingen signal

Kina og USA er usamde om mykje, men på toppmøtet mellom Donald Trump og Xi Jinping denne veka kunne dei einast om eitt viktig punkt: Hormuzsundet må opnast opp att.

Begge land kjenner på dei negative konsekvensane av at 20 prosent av all olje i verda ikkje kjem ut frå Persiabukta og inn i verdsmarknaden.

Difor hadde nokre kanskje håpa at denne felles bodskapen kunne legge press på Iran til å opne opp sundet.

Likevel:

– Det kom ingen signal under møtet som endrar når eller om Hormuzsundet blir opna opp att, seier Harald Magnus Andreassen etter at toppmøtet er ferdig fredag.

Har Hormuz opna?

Fredag ettermiddag sa Irans utanriksminister Abbas Araghchi at Hormuzsundet er opna for land som ikkje er i krig med dei.

Han la til at situasjonen i Hormuzsundet er krevjande og at Iran gjer det dei kan for å hjelpe, ifølge nyhendebyrået Reuters.

Seks menn og én kvinne står i en gruppe foran en hvit bakgrunn. Fra venstre: en mann i mørk dress og hvit skjorte, en mann i mørk dress og rød slips, en kvinne i oransje kjole, en mann i mørk dress, en mann i tradisjonell arabisk kledning, og en mann i mørk dress og blå slips. Mennene i dress snakker sammen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi (til venstre) er fredag i New Dehli i India for eit møte med BRICS-landa. Her står han saman med mellom anna den russiske utanriksministeren Sergey Lavrov.

Foto: ARUN SANKAR / AFP,NTB

Trass det siste utsegnet om Hormuzsundet frå Iran, peikar Andreassen på at oljeprisen har gått noko opp i løpet av fredagen.

– Hadde Hormuz faktisk blitt opna hadde vi sett ein kraftig nedgang på oljeprisen, konstaterer han.

Om utsegna til Araghchi skjedde som eit direkte resultat av toppmøtet er førebels uklart.

USA og Israel sin krig mot Iran har lege som eit bakteppe for toppmøtet mellom den amerikanske og den kinesiske presidenten. Møtet skulle eigentleg skje i april, men blei utsett fleire gonger nettopp på grunn av krigen.

Ikkje håplaust

Tanken bak «NACHO»-omgrepet er at marknadane har mindre og mindre trua på at den viktige vegen ut av Persiabukta opnar opp att. Då regulerer marknaden seg deretter og oljeprisen går opp.

– Den siste veka har oljeprisen gått opp noko, til like under 90 dollar fatet. Det kan bety at marknadane har begynt å miste trua på ein snarleg avtale, seier Andreassen.

Nærbilde av nachos med smeltet ost, tomater, løk og paprika. Retten serveres på et rundt fat. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Med referanse til den populære fredagsfavoritten har Bloomberg-journalist Blas fått blest rundt den svekka trua på ein avtale mellom Iran og USA.

Foto: Matthew Mead / FR170582,NTB

Han fortel at oljeprisen er på den same etter møtet, som før møtet.

Andreassen poengterer at sjølv om optimismen for eit heilt ope Hormuz er dalande, er ikkje trua vekk.

– Forventa oljepris ved slutten av året er lågare enn oljen blir handla for i dag. Det indikerer at marknadane framleis har trua på at Hormuz opnar opp i løpet av året.

Donald Trump og Xi Jinping er ueinige om mykje, men hadde ein tilsynelatande fin stemning mellom seg under toppmøtet.

Foto: Evan Vucci / Pool Reuters,NTB

Meksikansk inspirasjon

Det var Bloomberg-journalist Javier Blas som først brukte NACHO-omgrepet på sosiale medium i slutten av april.

Omgrepet er ein referanse av TACO som blei brukt mykje etter at Trump kunngjorde store tollsatsar mot alle land. Etter forhandlingar fekk nesten alle land ein lågare tollsats enn først kunngjort. Derfor: Trump feigar alltid ut, eller Trump Always Chickens Out.

Publisert

15.05.2026, kl. 22.11