Israel-elefanten

Eden Golan i en kjole som holder et flagg

Eden Golan representerte Israel i 2024, den første utgåva av konkurransen etter Gaza-krigen starta.

Foto: ANDREAS HILLERGREN / AFP / NTB

Som dei to føregåande åra er det òg i år knytt store kontroversar til Israel si deltaking i konkurransen.

Irland, Island, Nederland, Slovenia og Spania har vald å trekka seg frå konkurransen som eit resultat av at Israel framleis er med.

Det var knytt stor spenning til om Israel fekk bli verande då EBU i fjor haust inviterte medlemslanda til avstemming om Israel skulle bli kasta ut.

Denne avstemminga blei derimot avlyst då det blei inngått våpenkvile på Gaza 10. oktober.

Likevel har det blitt gjort fleire endringar.

Endringane i årets ESC:

  • Talet på stemmer kvar enkelt person kan gje er redusert frå 20 til 10 per betalingsmetode.
  • Reglane for promotering av nummer er stramma inn for å hindra eksternt drivne kampanjar
  • Kringkastarar og artistar kan ikkje aktivt støtta kampanjar frå tredjeparter, slik som til eksempel ei regjering.
  • Juryordninga blir utvida til å igjen vera gjeldande i semifinalen, i tillegg til at det skal vera fleire jurymedlemar.
  • Forsterka tryggingstiltak rundt dei tekniske stemmeordningane for å hindra juks og lettare oppdaga mistenkelege stemmemønster.

– Det kan verka som om EBU har lytta til NRK og fleire andre medlemsland, og gjort justeringar som peikar i riktig retning, sa Charlo Halvorsen i november. Han er redaktør for Underhaldning og fiksjon i NRK.

NRK har derfor vald å bli verande i konkurransen trass at fleire land har trekt seg.

Maskert svenske med Israel-kritikk

Felicia Mello

FELICIA haustar kritikk frå fleire hald.

Foto: Christine Olsson / TT News Agency,NTB

Felicia Eriksson vann svenske Melodifestivalen i mars og skal derfor representera Sverige i ESC i år.

Det har ikkje vore utan kontroversar.

FELICIA, tidlegare kjend under artistnamnet Fröken Snusk, har mellom anna fått kritikk i heimlandet fordi ho alltid opptrer med maske.

I kjølvatnet av sigaren hennar i Melodifestivalen uttala ho mellom anna at ho ikkje synest Israel skal få lov til å delta i konkurransen.

Dette fall ikkje i god jord hos den israelske kringkastaren KAN som reagerte på det dei meinte var politiske utsegner frå den svenske ESC-deltakaren.

Den svenske Israel-kritikken har ikkje ført til sanksjonar frå EBU.

– For sexy

En mann med tatoveringer på armene og brystet danner et hjerte med hendene. Mannen har bart og øreplugger. Han står foran en mørk trebakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det blei for mykje «Bang Bang» for EBU i nummeret til Jonas Lovv.

Foto: MAX SLOVENCIK / APA,NTB

På den turkise løparen under opningsseremonien på sundag kunne norske Jonas Lovv avsløra at han hadde fått ei åtvaring frå EBU.

Han fekk ikkje lov til å gå i detalj, men tilbakemeldinga frå arrangøren gjekk på at dei meinte nummeret ikkje var barnevenleg nok.

– Me har fått beskjed om å tona ned «sex appealen» fordi det ikkje er familievenleg nok, så det skal vi gjere, sa delegasjonsleiar Mads Tørklep til NRK sundag kveld.

EBU har dei siste åra streva etter at programmet skal vera så familievenleg som mogleg.

I fjor fekk til eksempel finske Erika Vikman beskjed om at kostymet hennar var for avslørande.

Erika synger "Ich komme" for Finland under Eurovision 2025

Erika Vikman i kostymet som EBU til slutt godkjende

Foto: Alma Bengtson/EBU

No må norske Jonas Lovv endra på nummeret få dagar før han skal til pers på den store scena.

– Eg skjønar ikkje kva dei snakkar om. Eg er den minst seksuelle personen i delegasjonen, sa Jonas leande til NRK-reporteren i Wien.

Israel testar regelverket

Noam Bettan fra Israel med livvakter bak

Israelske Noam Bettan etter semifinalen på tysdag.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Ei av endringane EBU har gjort i årets konkurranse er at dei har tydeleggjort regelverket kring korleis statar og regjeringar kan og ikkje kan aktivt støtta deira lands bidrag.

Under fjorårets konkurranse var det til eksempel fleire tilfelle av folk over heile verda som fekk oppmodingar om å stemma på det israelske bidraget 20 gongar i ein reklame på YouTube.

Tidlegare i mai begynte det nok ein gong å poppa opp reklamevideoar, denne gongen med årets israelske artist Noam Bettan, kor det blei oppmoda om å stemma 10 gongar – det maksimale talet på stemmer med dei nye reglane.

EBU var raske på ballen og sende ut ei formell åtvaring til den israelske kringkastaren KAN.

I ein offisiell uttale skreiv dei at sjølv om dei nye reglane hovudsakeleg er meint for å hindra påverking frå tredjepartar, var denne forma for marknadsføring òg uheldig.

– Ei direkte oppmoding om å stemma 10 gongar på ein artist er ikkje i tråd med reglane eller føremålet til konkurransen.

Den israelske kringkastaren fjerna videoane med det same dei mottok åtvaringa frå EBU.

Finsk fiolin til bry

Linda Lampenius og Pete Parkkonen framfører låta «Liekinheitin»

Linda Lampelius og Pete Parkkonen representerer Finland i ESC i år med låta «Liekinheitin».

Lampelius syng ikkje, men spelar fiolin i nummeret som i skrivande stund ligg øvst på bettinglistene over kven bookmakerar tru kjem til å vinna konkurransen.

Det har vore knytt stor spenning til om Lampelius skulle få lov til å spela fiolin «LIVE» på scena, noko som blei bekrefta frå EBU si side at ho fekk førre veke.

Dette har fått fleire fans til å reagera på det dei meiner er forskjellsbehandling ettersom regelen frå 1999 har vore at alle instrument skal vera innspelte på førehand.

Publikum fekk til eksempel berre høyra førehandsinnspelt fiolin då Alexander Rybak vann finalen i 2009.

Alexander Rybak

Alexander Rybak då han tok Noregs foreløpig siste ESC-sigar med «Fairytale» i 2009.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

EBU seier i ein uttale at avgjerda om å la Finland spela fiolin i finalen er teke av kunstnariske omsyn i tett dialog med den finske delegasjonen og den austerrikske arrangøren.

Spørsmålet blir då om Finland set ein ny presedens for bruken av Live-instrument på ESC-scena, eller om det er snakk om eit eingongstilfelle.

Umusikalsk pauseinnslag

Programleiar Victoria Swarovski hadde ein leksjon om ESC sitt forhold til skeive.

Under den andre semifinalen på torsdag blei det sendt eit førehandsinnspelt pauseinnslag om forholdet mellom ESC og skeive.

– Ho pratar om dei som om dei var apar i bur, seier ESC-ekspert i Aftonbladet, Tobbe Ek, til NRK.

– Kvifor er det berre skeive i Eurovision no? Har dei teke over?

Slik lyder eit av spørsmåla frå forelesingssalen i innslaget.

Programleiaren set så i gang «leksjonen».

– Min første tanke er at det verkar gamaldags. Seksuell legning er ikkje nokon markør å snakka om lenger. Det kjennest gamalt.

Det seier redaktør for Underhaldning og fiksjon i NRK, Charlo Halvorsen.

NRKs redaktør for Underholdning og fiksjon Charlo Halvorsen om LGBTQIA+-innslaget til Eurovision.

Charlo Halvorsen er i Wien under ESC denne veka.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Det er berre teit. Litt unødvendig, kanskje. Og så er det ikkje noko å bry seg om heller, legg Halvorsen til.

Konkurransesjefen som ikkje blei erstatta

en manns ansikt på en skjerm

Martin Österdahl forlét ESC i 2025 etter to av dei mest turbulente åra i historia.

Foto: JESSICA GOW / AFP / NTB

Svenske Martin Österdahl har sidan 2020 vore såkalla «Executive Supervisor» for ESC. Han har hatt det øvste ansvaret for at alt går som det skal i konkurransen.

Norske Jon Ola Sand hadde denne rolla i mange år, og var kjend for «catchphrasen» sin «Take it away».

Jon Ola Sand smiler med EUB-nøkkelkort rundt halsen.

Norske Jon Ola Sand var konkurransesjef for ESC frå 2011 til 2019.

Foto: Thomas Hanses

Österdahl oppnådde nok aldri same kultstatus som Sand, men prøvde seg lenge på sin eigen «You’re good to go».

I 2024 oppstod det kraftig buing i salen då Österdahl skulle godkjenna stemmeresultatet på finalekvelden.

Dette var nok eit resultat av den kaotiske veka i Malmö kor nederlandske Joost Klein var blitt diskvalifisert kort tid før finalen, og det var mykje uro knytt til Israel si deltaking.

Då resultatet skulle presenterast i 2025 var dette utan «catchphrasen» og med ein stum tommel opp i kamera frå Österdahl.

Seinare det året, slutta Österdahl i jobben som konkurransesjef.

Jobben hans fekk derimot ingen erstattar. I staden har EBU vald å organisera seg på andre måtar.

På spørsmål frå NRK om kva som har skjedd seier ESC-direktør Martin Green at det ikkje er noko dramatikk bak endringane.

Sjef for Eurovision Song Contest (ESC), Martin Green

ESC-direktør Martin Green er den nye øvste sjefen for konkurransen.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Martin hadde lyst til starta eit nytt kapittel i livet. Det er naturleg at når det kjem nye folk, så får dei tilpassa rolla til seg.

Han avkreftar at den dårlege responsen frå publikum i 2024 har noko med avgjerda om å fjerna EBU sitt «ansikt utad» frå sendinga.

– Me har vald å organisera oss på ein annan måte slik at artistane på scenen skal få skina.

Kroatisk-bosnisk-tyrkisk klagesong

En kvinne svever i luften med en fakkel mens tre andre kvinner i røde kjoler synger. Kvinnen i luften har hvit kappe og holder en mikrofon. Scenen er røykfull og bakgrunnen viser et mønster av greiner. Det er et sceneshow med artister i kostymer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det er lett å tru at du ser på ein gateartist på ein hamnepromenade i Split, men det er faktisk det kroatiske ESC-bidraget.

Foto: AP

Det kroatiske bidraget «Andromeda» framført av gruppa Lelek har hausta kritikk frå uventa hald.

Tyrkia har ikkje vore med i ESC sidan 2012, men no er det altså tyrkarane som reagerer på korleis det osmanske riket blir framstilt i nummeret.

Inspirasjonen bak låta skal vera katolske kvinner frå Bosnia-Hercegovina under den osmanske perioden som bruka tatoveringar for å beskytta seg mot vald og tvangsekteskap.

Tyrkiske medium reagerer på korleis låta tilsynelatande framstiller osmanarane i eit dårleg lys og peiker på at slike politiske bodskap ikkje høyrer heime i ein upolitisk songkonkurranse som ESC ønsker å vera.

en person som står på en scene med en mengde mennesker

Ukraina vann konkurransen i 2016 med låta 1944 om deportasjonen av krimtatarane.

Foto: Ap

Publisert

16.05.2026, kl. 19.24

Oppdatert

16.05.2026, kl. 20.14