Den 5. september gir nemleg det unge musikarparet Johanne Flottorp (34) og Anders Hefre (35) ut sitt fyrste albumet saman; «Som Lindi bere lauv». Musikken der var bestillingsverk til Telemarkfestivalen i 2023. Sambuarane har arrangert og komponert musikken. Ved innspelinga av plata har dei hatt med seg Anne Gravir Klykken, Anders Erik Røine, Åsmund Solberg, Anders Bitustøyl og Jostein Rørmark.
Henta inspirasjon
GOD UTNYTTING: Anders Hefre og Johanne Flottorp brukte tida godt under fødselspermisjonen.
I verket har dei henta inspirasjon frå barokken og korleis dei i kantatane brukte tekst frå gudstenesta til å lage musikk og gjenbruke tema. Dei har med både nyskrivne og tradisjonelle songar/ melodiar i utgjevinga. Delar av den kjente Folkestadvisa frå Bø går igjen som ein raud tråd gjennom heile plata. Det er også i den songen at dei har funne tittelen til verket. Elles har dei brukt salma «I himmelen» frå Heddal og ein bånsull frå Sauherad.
Drog til Italia
Under fødselspermisjonen våren 2023 drog Johanne og Anders til Hefre til Italia og arbeidde med bestillingsverket. Der var dei ein månad, slik at verket blei til både sør i Europa og i Telemark. Anders komponerte og arrangerte medan Johanne tok seg av tradisjonsmusikken og grov fram gamalt arkivmateriale.
– I Italia jobba me effektivt i dei timane som sonen vår Halvor sov. Me har spela ein del saman tidlegare, men det er fyrste gongen me har samarbeidd om eit stort og eige prosjekt, fortel sambuarane.
Johanne spelar både hardingfele og fele medan Anders trakterer treblås, trøorgel og piano. Dei 15 låtane på til saman 45 minutt blei spela inn i løpet av tre dagar i Juke Joint studio på Notodden, så det meste på denne plata er kortreist.
Spellemannsprisen
TIP TOPPS: Johanne Flottorp vann Spellemannsprisen i vinter saman med Åsmund Solberg.
Desse utøvarane er musikarar på høgt nivå. Johanne sikra seg i vinter Spellemannsprisen i tradisjonsmusikk for 2024 saman med Åsmund Solberg. Dei har spela saman i mange år og fekk den gjæve heideren for plata «Fiskaren». Dei siste åra har Anders bruka mykje tid saman med jazztrioen Maridalen som sidan 2021 har gjeve ut tre kritikarroste album. I vår spela dei på den store messa JazzAhead i Bremen og var på ein lang turne med trommseslagar Erland Dahlen. I november gir dei ut plate saman med Lars Lillo-Stenberg.
Moro
Musikarane på Gvarv legg ikkje skjul på at samarbeidet om det nye albumet har vore triveleg.
– Det bur ekstremt mange gode musikarar i distrikts-Noreg. I Midt-Telemark er me heldige som har utøvarar av rang innanfor ein liten radius, seier Johanne Flottorp og Anders Hefre.
Konsert
Platesleppet skjer i den nye salen på Bø hotell fredag 5. september, der musikarane naturleg nok byr på ein konsert med smakebitar frå den nye utgjevinga som både kjem på vinyl og nett.
MOTIV: Coveret på plata har motiv av kyrkja i Bø.
Foto: HALVOR ULVENES
Les mer om: artikkelemnene