Det er 17. mai og barnetoget på Nordfjordeid gjekk av stabelen på føremiddagen. Ved Hogatunet var det stopp med musikk og tale. Det var Jon Sverre Arnestad som hadde fått det store oppdraget med å halde talen ved Hogatunet. Under kan du lese talen i sin heilskap:

Kjære alle saman! Gratulerer med dagen!

Sjå dokke rund. Her står vi, i flott vårvêr. Vi har kledd oss fint, dress og kjolar, mange har bunad. Ein god del av dokke har nok planar om solid inntak av is og pølser! 

Men, i dag er ikkje berre ein dag for pølser, is og brus. I dag er dagen for å kjenne på noko heilt spesielt – nemleg kjensla av det å bu i Norge! Men kva betyr eigentleg det? Er det å kunne namnet på dei norske kongane? Er det å like brunost? Er det å gå på ski? Nei, det er mykje meir enn det.

Norge er ei lite land, men vi er frie og sjølvstendige – i ei verd der vi i det siste har sett at store og mektige land trur dei kan gjere som dei vil, og oppføre seg som bøller.

De kjenner det kanskje frå friminuttet på skulen: Den store, sterke eleven som tek matpakka di. Som truar med å slå om du ikkje gjer som han vil. Som mobbar den som er svakare. Vaksne seier at det er gale. Men i den store verda ser vi i desse tider at også vaksne faktisk oppfører seg akkurat på same måten – med framferd som bøller.

Sjå berre på det som det som skjer: Presidenten i USA har nyleg sagt at Canada burde bli innlemma i USA. Han har også sagt at USA må få overta Grønland frå Danmark. Han har invadert med militære styrkar Venezuela og seinare Iran. Han kallar det å «gjere Amerika stort igjen». Men for landa som det gjeld – framstår det som rein bølleoppførsel.

Samtidig held Russland fram krigen mot Ukraine, forsøker å overta landet og gjere det til sitt eige.

Dette er ikkje berre hendingar som skjer langt borte. Det vedrører oss. For når store og mektige land bryt reglane og ingen seier ifrå, då vert verda farlegare for alle små land – også Norge.

Etter dei to verdskrigane laga landa felles spelereglar. Desse står i FN-pakta. Reglane seier: Land har grenser. Ein skal ikkje true kvarandre. Ein skal ikkje ta land med makt. Dette er akkurat som i ein fotballkamp. Utan reglar vinn den som er sterkast. Med gode reglar kan alle vere med og vinne.

Norge er eit lite land som alltid har sagt: Vi føl reglane. Og vi støtter dei som blir trua eller invadert. Difor sender Norge hjelp til Ukraina. Difor seier Norge ifrå når USA eller Russland truar andre.

Men det er ikkje nok med reglar mellom land. Vi må også ha gode reglar her heime. Det kallar vi demokrati. Demokrati betyr at alle har rett til å meine. At du har lov til å seie ifrå. At dei som bestemmer, må lytte til folket – ikkje berre dei rike og mektige. I Norge er alle like mykje verd. Det spelar ingen rolle kven du er, kva du trur på eller kva farge huda di har. Når du går i 17. mai-toget, går du i eit tog av likeverdige. Det viser eit demokrati, og det må vi vakte – kvar einaste dag.