Thomas Ryste i skrivestova si i hagen heime i Hovdebygda i Ørsta.
Foto: Bent Tandstad / NPK

Thomas Ryste (snart 50) har halde det gåande som artist og humorist i 25 år. Den mest populære figuren i Klypa-universet hans er den illsinte ferjematrosen Kjell «Kjellen» Bigset. Og opphavsmannen lovar at det ikkje blir stille frå den karen i overskodeleg framtid.