Då Solberg og Høgre styrte landet saman med Listhaug og FRP var Noreg eit godt land å bu i. Dei aller fleste av oss hadde god levestandard, råd til å dra på ferie, spise oss mette og vel så det kvar dag, og unne oss litt luksus i ny og ne. Borna gjekk i rimeleg barnehage og gratis skule, ungdomane gjekk på gratis vidaregåande, høgskule eller universitet, og dei som sleit fekk hjelp av NAV.

Vart vi sjuke fekk vi hjelp av eit fantastisk offentleg helsevesen. Vi betalte skatter og avgifter som dei fleste av oss syntes var i overkant høge, men så fekk vi jo mykje att for det. Rett nok var ikkje alt perfekt. Nokre fall utanfor og hadde store økonomiske problem. Helsekøane i eit av verdas beste offentlege helsevesen var for lange.

Næringslivet var pressa av konkurranse og høgt skattetrykk. Men for dei fleste av oss var livet bra. Samanlikna med dei fleste land og folk både i vår tid og tidlegare tider, hadde vi det generelt veldig godt.

Når Arbeiderpartiet no styrer landet er Noreg eit godt land å bu i. Dei aller fleste av oss har god levestandard, råd til å dra på ferie, spise oss mette og vel så det kvar dag, og unne oss litt luksus i ny og ne. Borna går i rimeleg barnehage og gratis skule, ungdomane går på gratis vidaregåande, høgskule eller universitet, og dei som slit får hjelp av NAV.

Vert vi sjuke får vi hjelp av eit fantastisk offentleg helsevesen. Vi betaler skatter og avgifter som dei fleste av oss synes er i overkant høge, men så får vi jo mykje att for det. Rett nok er ikkje alt perfekt. Nokre fell utanfor og har store økonomiske problem. Helsekøane i eit av verdas beste offentlege helsevesen er for lange.

Næringslivet er pressa av konkurranse og høgt skattetrykk. Men for dei fleste av oss er livet bra. Samanlikna med dei fleste land og folk både i vår tid og tidlegare tider, har vi det generelt veldig godt.

Noko av det fantastiske med å bu i Norge er at det stabilt. Politikarane har ulike meiningar og visjonar for retninga politikken skal ta, men om det er den raude eller blå sida som har makta, så har det ikkje så veldig stor innverknad på kvardagen vår.

Velferdstaten er ikkje perfekt, og har stort forbetringspotensial, men den ligg der stabilt og tek vare på oss. Oljepengane gjer at vi er i ei særstilling samanlikna med dei fleste. Slik er det godt å ha det.

Kva er det som trugar dette fantastiske landet vårt mest?  Eg trur det er forsøk på polarisering som er den største trusselen. Dei algoritmestyrte sosiale medier skaper ekkokammer der ein blir overøst med polariserande innlegg.

Normal folkeskikk i kommentarfelta vert bytta ut med grove beskrivelser av medmennesker og meiningsmotstandarar. Eg trur at dei fleste av oss gremmer oss over utviklinga i det offentlege ordskiftet på sosiale medier.

Og eg trur at dei fleste av oss vil bevare eit Noreg som er stabilt, som har politikarar som kranglar og kjefter på kvarandre, men som likevel er gode vener etter at debatten er ferdig, og som jobbar for at Noreg framleis skal vere eit godt land å bu i for alle.

Eg trur ikkje nokon av våre fremste politikarar er landssvikarar eller vil rasere Norge, sjølv om eg ueinig i mykje dei seier og står for. Når unge politikarar får trugsmål og hets mot seg, så svekkes demokratiet og stabiliteten som er så god å ha.

Kanskje må vi alle ta litt meir ansvar for å bevare dette fantastiske landet vårt gjennom å stå opp for eit ytringsklima der hets og truslar ikkje vert godteke.