Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har anka sakskostnadene på 3,75 millionar kroner til Høgsterett etter å ha tapt i Gulating lagmannsrett mot gruveselskapet Nordic Mining.
Anken kjem etter saka om mellombels stans av deponering i Førdefjorden. Anken vart levert fredag 15. mai.
Meiner dommen ikkje kan bli ståande
Det kjem fram i ei pressemelding frå dei to organisasjonane måndag.
– Dette er ein dom som ikkje kan bli ståande, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
I tillegg til at dei to miljøvernorganisajonane anka saka til Høgsterett, har også gruveselskapet Nordic mining gjere det samme. Med andre ord er det duka for ein prinsipiell behandling av kostnadane knytt til miljøsaker rettssystemet.
For høge, eller for låge?
Nordic Mining har kravd 4,7 millionar kroner i sakskostander frå tingretten, og 3,8 millionar kroner i sakskostnader for runden i lagmannsretten. Dette vert til saman 8,5 millionar kroner. Deira anke går difor på at dei meiner dei idømde sakskostnadane er for låge.
Anken frå naturvernarane går naturleg nok på det motsette.
Dei peikar på at sakskostnadane er for høge.
Firda kjem tilbake med meir.

Les også
Lagmannsretten forkasta anken: – Glade og fornøgde

Les også
– Det er ein absurd dom

Les også
Pengemaskina på Engebø: 455 mill. til Sunnfjord-bedrifter