Da gjekk fyrste konserten på årets utgåve av Telemarkfestivalen av stabelen, med framføring av bestillingsverket «Istem». I nummeret «Virvel», ein kombinasjon av ein lydarslått og gangar, var hardingfelespelar og instrumentmakar Ottar Kåsa ein del av kvintetten. Det spesielle var at Ottar, opphavleg frå Arabygdi i Vinje, no busett i Bø, hadde laga alle fem instrumenta i innslaget. Det var tre hardingfeler, ein hardingbratsj og hardingcello med fem strenger.
ALLE INSTRUMENTA: Nora Taksdal (f.v.), Sivert Holmen, Ottar Kåsa, Vegard Vårdal og Johannes Martens viser fram instrumenta som alle er laga av felemakaren i Bø.
Foto: HALVOR ULVENES
Heilt unikt
Hovudkomponist Vegard Vårdal frå Vågå seier til TA at det er heilt unikt at ein musikar i ein kvintett har laga alle fem instrumenta i eit innslag.
– Det har aldri skjedd før i Telemark. Det er heilt sikkert, seier Vårdal. I tillegg til å vere komponist var han ein del av musikargruppa på fem. Det høyrer med at totalt blei ti instrument brukt under denne konserten og felemakaren frå Bø hadde laga seks av desse.
GOD STEMNING: Ottar Kåsa var i slaget under konserten i Bø.
Foto: HALVOR ULVENES
Stor kveld
Hovudpersonen sjølv, Ottar Kåsa, sa seg svært fornøgd.
– Det blei ein stor kveld, i alle fall for meg, seier han beskjedent. Kåsa kjenner heller ikkje til at ein felemakar nokon gong tidlegare har laga fem slike ulike instrument til ein kvintett. Han opplyser at produksjonen har skjedd i tidsrommet 2018-2024.
UNIKT: Unikt med ein strykekvintett der alle instrumenta har understrenger.
Foto: HALVOR ULVENES
Arrangøren kallar elles konserten ei verdspremierie fordi ein aldri tidlegare har sett ein strykekvintett der alle instrumenta har understrenger.
Flott musikk
Uansett fekk publikum valuta for pengane. Det starta med ein visetone frå fjellet. Utover i konserten fekk publikum ei herleg blanding av telespringar, vals, reinlender og marsj. I den nye konsertsalen på Bø Hotell let det fint.
Eitt av dei humoristiske innslaga var nummeret «Domedag med glitter».
STYRELEIAR: Evy Beate Stykket ønskte velkomen til den fyrste konserten.
Foto: HALVOR ULVENES
– Det viser at det kan vere noko positivt med det meste. Det er ein klinevals før jorda går under og Trump kjem og kastar nokre apekattar over oss, humra komponist Vegard Vårdal ved introduksjonen av nummeret.
Publikum i den godt besøkte salen kvitterte med solide klappsalver etter kvart innslag, og musikarane fekk ein fortent ståande applaus til slutt.
– Fantastisk, var ein kommentar TA høyrde frå publikum på veg ut av konsertlokalet.
Blir plate
Dei som ikkje fekk med seg konserten treng ikkje fortvile. I neste veke dreg dei fem musikarane til Hallingdal for å spele inn årets bestillingsverk på plate.
Telemarkfestivalen, som i år har kring 25 konsertar, blir avslutta sundag.