Også denne gongen handlar det om storesøster Ida og hennar eigenrådige veslebror Oskar.

Boka, som kjem ut på Samlaget, har fått tittelen «Oskar og eg. Alle tinga vi har».

Det melder Samlaget sjølve i ei pressemelding.

Maria Parr etter «Oskar og eg»: – To ungar eg gjerne vil skrive meir om

For den første boka om Ida og Oskar, «Oskar og eg. Alle plassane vi er» frå 2023, fekk Parr og Irgens Brageprisen, Nynorsk barnelitteraturpris, samt nominasjon til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, Kritikarprisen, Bokhandlarprisen og KUD illustrasjonspris.

«Oskar og eg. Alle plassane vi er» selde over 20.000 eksemplar i Norge og rettane vart selde til 20 land.

Strålande kritikkar for Parr si nye bok

Maria Parr er fødd i 1981 og kjem frå Vanylven. Ho slo gjennom med barneboka «Vaffelhjarte» i 2005.

Boka la også grunnlaget for ein populær TV-serie.

Faren til Maria Parr, Vidar, var i 22 år redaktør i Synste Møre.

Han døydde i mars fjor. «Tampane» Parr skreiv i Synste Møre vart gitt ut som bok i fjor haust.

Ny pris for «Oskar og eg» Få de siste lokale kulturnyheitene på Nordvestlandet Nyhetsstudio