VG melder at det er problem med betaling via nett og kort.

Dette gjeld betaling med Visa og MasterCard.

Vipps melder i ei driftsmelding at dei har problem.

– Det er problem med leverandøren av betalingsinfrastrukturen vår, og dette påverkar nokre e-betalingar og gjennomgåande betalingar i Vipps / MobilePay, skriv dei.

Det er hos betalingsleverandøren Nets feilen skal ligge. I ei pressemelding melder dei at feilen oppstod rundt klokka 09.00

– Sidan då har vi ikkje behandla betalingar som normalt, skriv dei.

Årsaka er eit straumbrot.

–Teknikarane våre jobbar aktivt med å gjenopprette full teneste, melder dei.

På nettsida Downdetector viser det at er rapportert inn fleire problem hos Sparebank 1, Visa, Nets, MasterCard, Vipps, Nordea og Apple Pay.

Firda oppdaterer