Frå måndag 25. mai er det sendt ut varsel om flaumfare på gult nivå for midtre og indre delar av Vestland fylke som drenerer høgfjellsområde.

– Vassføringa er allereie høg i mange elvar i området, som følgje av regn og snøsmelting, og er venta å auka ytterlegare på grunn av meir regn på måndag. Dette kan føra til lokale flaumar, melder Varsom.no.

Dei oppmodar folk om å halda seg oppdatert på situasjonen.