Ifølgje Kripos går det føre seg aktiv rekruttering av barn og unge i desse miljøa. Dei opererer i sosiale medium, i spel og i opne støttegrupper for psykisk helse, skriv Kripos i ei pressemelding.

– Vi har sett ein auke av saker både internasjonalt og i Norge. Norsk ungdom blir utnytta i desse ekstreme nettsamfunna, men vi ser også norske unge som sjølv blir gjerningspersonar. No ber vi om hjelp til å førebyggje at ungdom blir trekt inn i desse svært destruktive miljøa, seier seksjonsleiar Lise Matheson i Kripos.

Vald og ekstremistisk innhald

Ifølgje politiet er formålet til nettverka ofte å bryte samfunnsnormer og normalisere vald, for på sikt å påverke mindreårige til å gjere seg skuldig i valdshandlingar. Gjerningspersonane bruker omsorg, merksemd og manipulasjon for å trekkje barn inn i miljøa.

Etter kvart kan relasjonen utvikle seg vidare til press, truslar og utpressing. Barn kan då bli tvinga til mellom anna sjølvskading, seksuelle handlingar, vald mot dyr eller menneske, eller å spreie ekstremistisk innhald. Mykje av dette blir dokumentert og delt vidare i miljøa.

Fleire faresignal

Kripos ber vaksne, slik som foreldre og lærarar, om å vere merksame på faresignal som:

* Hemmeleghald om nettbruk

* Auka isolasjon og humørsvingingar

* Interesse for vald eller symbolbruk knytt til ekstreme miljø

– Foreldre, lærarar og andre vaksne må vere opne, tilgjengelege og trygge å snakke med. Det viktigaste er å lytte utan å dømme, stille nysgjerrige spørsmål og tidleg søkje hjelp hos skule, helsesjukepleiar eller politiet, dersom ein er bekymra, skriv Kripos.

Les meir om: artikkelemnene