– Eg er veldig glad og litt overvelda, sa Jon-Hermann etter finalen.
Det går fram i ei pressemelding frå Noregs sportsskytterforbund fredag.
Hegg sikra gull i verdscupen, 50 meter rifle match i München, med ny europeisk rekord på 360,1 poeng. Han er rangert som nummer 1 i verda med sigeren som er hans 20. verdscupmedalje, skriv forbundet.
Hegg starta sterkt i konkurransen og låg som nummer 3 etter både kneståande og liggjande skyting. Då dei femten siste skota i ståande var fyrte av, sikra han sigeren med europeisk rekord.
Prestasjonen befestar hans posisjon som ein av verdas fremste skyttarar, rosar forbundet.
– Det er mange gode skyttarar i finalen og ein tøff konkurranse. Ein må vera på og mentalt til stades heile vegen, seier Hegg i samband med prestasjonen.
World Cup i München vert rekna som ein av dei mest krevjande internasjonale konkurransane innan skyting med deltaking frå heile verdseliten. Det deltek totalt 732 utøvarar frå 85 nasjonar.