Laurdag morgon hamna ein golfbil på fylkesvegen i Olden etter ei singelulykke.
Ei kvinne kom utfor ein kant på eiga tun med ein golfbil.
– Det er opplyst at den vesle golfbilen fall ned ein skråning på ca. 20 meter før den trefte vegen, men at kvinna kom seg ut før den trilla utfor, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.
Kvinna drog på legevakta for kontroll, men det skal ha gått bra med ho.
Politiet melde om hendinga i 12-tida laurdag, og er då saman med kvinna. Dei opprettar sak, men dei tar ikkje beslag i førarkortet. Det er heller ikkje mistanke om rus.
Golfbilen gjekk det verre med. Den er øydelagd.