Det var 58 år gamle Stig Morten Moen frå Bøverdalen i Lom som omkom i MC-ulukka i Stryn laurdag, opplyser politiet.
Namnet blir frigjeve i samråd med familien.
Like før klokka 20 laurdag kveld rykte naudetatane ut til ei alvorleg singelulukke på Strynevegen.
Det vart sett i gang livreddande førstehjelp på staden, men livet stod ikkje til å redda. Føraren vart erklært død kort tid etter ulukka.