Både PSW Solutions og CCB Mongstad opererer i same marknad, og som i nokre samanhengar konkurrerer om dei same oppdraga. Selskapa peikar på at rammeavtalen er eit døme på at tett samarbeid kan skape meirverdi og byggje konkurransekraft i ein krevjande marknad.
Avtalen gjeld frå 1. juni 2026 til 31. desember 2028, og omfattar overflatearbeid på stigerøyr og oppdriftselement.
Dagleg leiar i PSW Solutions, Erlend Einevoll, fortel at avtala kan generere fleire arbeidsplassar på sikt.
– Men uansett så tryggar det arbeidsplassane lokalt.

Jannike Hansen, administerande direktør i CCB Mongstad.
Foto: Eva Neteland
Hos CCB Mongstad trekker dei fram verdien av å samarbeide med ein lokal aktør av fleire grunnar.
– Det blir mindre transport, samstundes er vi med å ta vare på miljøet her på Mongstad og sikre arbeidsplassar. I tillegg leverer PSW høg kvalitet, seier administrerande direktør i CCB Mongstad, Jannike Hansen.
Betydeleg verdi
Basert på forventa aktivitetsnivå er avtalen vurdert til å ha ein potensiell kontraktsverdi av betydeleg storleik for PSW Solutions. Den endelege verdien vil avhenge av omfanget av arbeid som vert tildelt i avtaleperioden.
– Dette er ikkje berre ei viktig tillitserklæring, det er òg eit bevis på at to lokale selskap, som til dagleg både konkurrerer og samarbeider, kan oppnå meir saman enn kvar for seg. CCB Mongstad er ein solid og profesjonell samarbeidspartnar, og vi er stolte av å bere dette samarbeidet vidare, seier Einevoll.