I ei pressemelding fortel miljøorganisasjonen Bellona at dei er i ei akutt likviditetskrise.
– Bellona har ingen pengar på bok. Alt vi hentar inn går til miljøarbeidet. Når større utbetalingar frå givarar og myndigheiter vert forseinka, har vi ingenting å tære på. Vi har kutta kostnadar og gjennomført nedbemanning. Det er ikkje nok. No treng vi hjelp frå alle som meiner Norge framleis treng ein uavhengig miljøorganisasjon, seier dagleg leiar Sveinung Rotevatn.
Grunnleggjaren av Bellona Norge, Frederic Hauge, seier til VG at organisasjonen har to alternativ:
– Anten at vi får lån eller bidrag. Vi køyrer difor spleisen «Redd Bellona» fram til søndag. Kjem vi ikkje i mål, vil pengane bli betalt tilbake.
Pengeproblema skal skuldast at dei har forskottert pengar til eigen aktivitet, som skal til Bellona Europa.
Hauge starta organisasjonen for 40 år sidan. Totalt jobbar det 40 personar i Bellona i Norge og 100 totalt. Rotevatn tok over som dagleg leiar Bellona Norge i desember 2025.
Same kveld som innsamlinga vart starta, hadde dei samla inn nær 200.000 kroner.