Datatilsynet meiner Elkjøp behandla personopplysningar utan gyldig samtykke frå kundane.

Tilsynet vart gjennomført i juni 2022 etter fleire meldingar om tryggingsbrot, klager og tips om kundeklubben.

Datatilsynet fann fleire brot på personvernreglane. Ifølgje tilsynet hadde Elkjøp ikkje gyldig samtykke til å bruke personopplysningar i kundeklubben. Selskapet hadde heller ikkje gjort gode nok vurderingar før opplysningane vart brukte til nye formål.

Elkjøp skal også ha brukt feil eller mangelfullt grunnlag for delar av behandlinga av personopplysningar. I tillegg svarte selskapet ikkje raskt nok på førespurnader frå kundar som ville bruke rettane sine etter personvernreglane.

Over 6 millionar medlemmer av Elkjøps kundeklubb i Norden var ramma av brota.

Datatilsynet skriv at kundeklubbar ofte berører mange personar, og at saka viser feil som truleg er utbreidd i mange verksemder.

Saka gjeld Elkjøp Nordic AS og Elkjøp Norge AS. Ho er behandla saman med datatilsyna i Sverige, Island, Finland og Danmark.

Vedtaket kan leggjast fram for Oslo tingrett, opplyser Datatilsynet.

(©NPK)