Dette skal ha skjedd i tidsrommet 23.00 til 05.00, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt.
Musikken skal ha forstyrra natteroa, og meldingane kom frå både Naustdal, Førde sentrum og Moskog.
Politiet skal difor ha vore i dialog med fleire russ og sjåførane deira for å få musikken dempa. Fleire bussar vart også gitt pålegg om å halde lyd- og støynivået nede til etter klokka 11.00.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Jan Børge Misje fortel at det også har vore andre støymeldingar knytt til russefeiring i politidistriktet, men at dette har vore mest rundt bergensområdet.
– Nord for Sognefjorden er det i Sunnfjord det har komme inn meldingar, seier han.
Operasjonsleiaren er ikkje kjend med om det er noko spesielt arrangement som har vore, som har bidrege til at russen gjorde seg meir høyrde akkurat denne natta.
– Det er nok litt tilfeldig.
Etter ei kjapp teljing fortel operasjonsleiaren at ein lite overvekt av ordensforstyrringane skjedde i Førde sentrum, med det var også ein del frå Moskog.
– Korleis går politiet fram med så mange ordensforstyrringar, og kva sanksjonar kan de gi?
– Vi plar jo alltid starte på lågast mogleg nivå, med dialog. Men når vi ikkje gjennom, og det er mange på ein stad seom her, så kan det bli gitt pålegg om å dempe musikken. Om ikkje dette vert fulgt, så kan ein til dømes dra inn lydanlegget.