Møre og Romsdal Arbeiderparti ber helseminister Jan Christian Vestre kome til Møre og Romsdal så raskt som mogleg.
På bakgrunn av den alvorlege situasjonen og dei stadige forslaga om nye kutt i Helse Møre og Romsdal, ber vi helseminister Jan Christian Vestre kome til Møre og Romsdal så raskt som mogleg.
Les også: Sykehusbombe i HMR: Vil sette flere tilbud på spill
Uakseptabelt
Vi viser til det samrøystes vedtaket frå årsmøtet i Møre og Romsdal Arbeiderparti 8. mars 2026, der det vart slått fast at vi skal ha ei sterk offentleg helseteneste i heile fylket.
Kutta som no ligg til vurdering i Helse Møre og Romsdal, vil få svært alvorlege konsekvensar for pasienttilbodet, beredskapen og dei tilsette. Dette er heilt uakseptabelt.
Innbyggjarane i heile fylket skal kjenne tryggleik og ha likeverdige helsetenester på lik linje med resten av landet.
Les også: Svarer om sykehusbomben: – Endringer i akuttilbudet
Najonal sak
Vi meiner saka ikkje lenger er noko Helse Møre og Romsdal kan handtere åleine.
Styret i Møre og Romsdal Arbeiderparti vil difor i dag ta kontakt med departementet for å be helseministeren kome så snart som mogleg.
Les også
Ikke flytt DPS-døgnposten fra Kristiansund – det er sentralisering på bekostning av de mest sårbare
Les også
Alle fortviler – mens helseforetaksmodellen snart feirer 25 år
Les også
Har vi råd til å svekke det forebyggende arbeidet?