Klokka 08.53 melder operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad ved Operasjonssentralen at det er sett i gang ein redningsaksjon i Luster.

Bakgrunnen er funnet av ein drivande båt i Hafslovatnet.

Politi, brannvesen og redningshelikopter deltek i søket etter ein namngitt person. I båten vart det funne personlege eigedelar som er knytte til vedkomande.

– Politiet er i dialog med dei pårørande, seier Brakstad.

Kort tid etterpå vart det gjort funn av ein livlaus person i vatnet:

Les også

Livlaus person funnen i vatnet

Firda oppdaterer saka.