– Lokalt brannvesen var ute i båt, og fann ein person – tilsynelatande livlaus. Det er stadfesta at vedkomande er omkomen og pårørande er varsla, opplyser redningsleiar Owe Frøland hjå Hovudredningssentralen laurdag klokka 09.30.

HRS fekk melding klokka 8 laurdag morgon frå nokon som var på veg ut for å trekkja garn i Hafslovatnet.

– Dei hadde sett båten tom for personar, men dei fann personlege eigedelar om bord. Det gjorde at me valde å setja i gang eit søk. Me fann ut kven som eigde gjenstandane om bord og gjorde etterretning parallelt med at me gjorde søk.

Både brannvesen, helikopter, politi og ambulanse rykte ut til Hafslo i Luster kommune. Politiet hadde dialog med pårørande.

Frøland ynskjer ikkje å seia noko meir om kven den omkomne er.

– No må politiet undersøkja vidare for å finna ut kva som har skjedd.