«Kommunen gjer merksam på at det har danna seg ein bresjø i kanten av Folgefonna nær Bondhusbreen. Det er risiko for at vatnet kan tappa seg, eit såkalla jøkullaup og føra til auka vassføring i området ned mot Bondhusvatnet», skriv Kvinnherad kommune på Facebook fredag.
Eit jøkullaup er flaum som skuldast plutseleg auke i vassføring frå innsjøar som er demde opp av isbre.
Av omsyn til tryggleiken bed kommunen dei besøkjande om å unngå opphald i eit skravert område på eit kart som ligg nedst i saka.
«Respekter skilting og eventuelle avsperringar. Følg med på oppdatert informasjon frå kommunen. Fareskilt vil bli sett opp i dalen. Kommunen samarbeider med faginstansar og vil oppdatera informasjonen ved behov», skriv kommunen.

Kommunen bed dei besøkjande om å unngå opphald i det skravert området på kartet.
Foto: Kvinnherad kommune

Les også
Millionutbyte til kundane i Kvinnherad