Ida Sofie Bjørkedal (33) frå Nordfjordeid vart sitt sett på Harøya i Ålesund søndag 31. mai, og skulle etter planen køyre til Hopland i Stryn, der ho er busett.
– Før den sakna reiste frå Harøya, hadde ho sagt til familie at ho mogleg ville gå éin eller fleire fjellturar undervegs, opplyser operasjonsleiar Espen Andrésen i Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten.
Politiet har i samråd med familien gått ut med namn og bilde.
Dei har også gått ut med eit bilde som viser bilen hennar ved Remmetunnelane i Haram. Denne observasjonen vart gjort søndag 31. mai klokka 10.58.
Politiet ønskjer å kome i kontakt med personar som kan ha observert den sakna eller bilen ho disponerer. Ring 02800 dersom du har informasjon i saka.

BILEN: Denne observasjonen vart gjort søndag 31. mai klokka 10.58. Bilen har kajakkstativ på taket.
Foto: Privat / politiet