Stad skipstunnel er tilbake på statsbudsjettet etter gjennomslag i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

Det vart klart då dei raudgrøne partia presenterte einigheit på ein pressekonferanse søndag kveld.

Då regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett 12. mai, var det ikkje sett av midlar til skipstunnelen. Prosjektet vart dermed vraka nok ein gong, noko som utløyste sterke reaksjonar frå både Senterpartiet og Framstegspartiet.

No har Senterpartiet fått viljen sin.

Burde vere punktum

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) omtalar avtalen som eit viktig gjennombrot.

– Dette er eit viktig gjennomslag for oss. Bakteppet er at dette er eit viktig prosjekt, på same måte som vi byggjer tunnelar under fjellovergangar, seier Sande.

Han meiner skipstunnelen vil gi positive ringverknader langt utover sjølve anleggsarbeidet.

– Prosjektet vil skape aktivitet og arbeidsplassar i heile Nordvestlandet. I tillegg kan massane frå utbygginga nyttast til anna næringsutvikling, noko som er ein ekstra gevinst, seier han.

HELD FRAM: Arbeidet med Stad skipstunnel held fram.
Foto: Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

– Det har vore mykje fram og tilbake med skipstunnelen. Burde dette vere punktum på debatten om den skal byggast eller ikkje?

– Ja, absolutt. Det som gjer at eg trur på det no, er det som er klargjort i vedtaket. Fleirtalet seier at prosjektet skal få ny kostnadsramme og oppstartsmidlar. Dei 150 millionane skal gå til arbeidet som startar i haust, og regjeringa får fullmakt til å halde fram investeringa, seier han.

Viktig innsats

Sande trekkjer fram arbeidet til innsatsgruppa som har arbeidd for prosjektet, og meiner dei har bidrege til å styrkje kunnskapsgrunnlaget rundt skipstunnelen.

– Det har vore hevda at dette er samferdsleprosjektet med dårlegast økonomisk lønsemd. Men det finst fleire prosjekt i Nasjonal transportplan som har svakare samfunnsøkonomisk lønsemd enn dette, seier Sande.

Med budsjettsemja ligg det dermed an til at arbeidet med verdas første skipstunnel kan ta eit nytt steg framover etter fleire år med politisk dragkamp.

Tidlegare saker:

Les også

– Viser kor totalt verkelegheitsfjerne Ap har vore

Les også

Frp og Sp gir ikkje opp skipstunnelen

Les også

Stad vraka – ingen andre prosjekt nemnt med eitt ord

Les også

– Pinleg korleis dei herjar med Vestlandet

Firda oppdaterer saka.