Meiningar
Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg får nokre slike spørsmål, og det er ganske enkelt å svara på. Eg har mange vener og kjende, som ikkje har hatt det lika enkelt som meg. Kjenningar (eg skriv kjenningar, då eg ikkje vil identifisera dei) som har hatt, og har det ilt og utfordrande i livet. Kjenningar som kunne hatt mykje betre liv, om berre dei sjølve og dei rundt dei hadde hatt litt meir kunnskap om kor forskjellige me eigentleg er.
Nokre døme frå min krets:
Ein homofil kjenning i ein sterkt religiøs krets, valde å hengja seg, han passa ikkje inn.
Ein homofil kjenning har gått inn og ut av psykiatriske institusjonar heile sitt vaksne liv, då det ikkje var aksept/forståing for homofili i heimen i barne- og ungdomstida.
Ein homofil kjenning fortel om gifte familiefedrar (i Sogn) som tek kontakt for å sjekke moglegheita for sex, då dei er fanga i ulukkelege ekteskap utan intimitet.
Ein kjenning fjerna brysta sine så seint som i slutten av 40-åra, for å komma nærare sin ikkje-binære identitet. Tenk alle åra med tankar fram til det vart ein realitet.
Ein kjenning som ikkje kan reisa heim til heimlandet sitt, då han likar same kjønn.
Ein kjenning som meir eller mindre rømte frå Noreg, til eit land som kunne akseptere at ho ikkje berre var ei «vanleg» jente.
Fleire kjenningar fortel at dei ikkje lenger kan halde kvarandre i handa på offentleg plass, utan at det kjem blikk, kommentarar og hets. Dei fortel at det har vorte mykje verre i det siste.
Døma er fleire, og det er heilt skremmande å sjå korleis folk me vaks opp med blir og har blitt behandla (både bevisst og ubevisst). Det er ikkje alle som er sterke nok til å seia ifrå, og når folk jagar i flokk for å fortelje dei at dei har det berre bra, då trengst det at fleire seier ifrå.
Dei som går igjennom livet som marginaliserte, dei fortener at vi hjelper dei inn i fellesskapet, og ikkje ut av det. Nødvendig opplæring, og feiring av fellesskapet er både naudsynt og på tide. Studiar visar at dei som ikkje fell innafor den «vanlege norma» har fleire gonger høgare risiko for sjølvmordsåtferd enn heterofile.
Me må ta eit felles ansvar for at folk ikkje skal ha det slik. Me treng dessverre difor ein Pridemånad, som har fokus på å læra oss meir toleranse og forståing for kvarandre.
Fansen til Bodø/Glimt sa det godt på ein stor «banner» før ein viktig fotballkamp:
«BE CAREFUL WHO YOU HATE, IT COULD BE SOMEONE YOU LOVE»