Eviny har som kjend ein stund vore ute på marknaden for å selje fiberaktøren Enivest.

No har dei fått napp. Telenor bit på, og partane er samde i ein transaksjon verdsett til 2,5 milliardar kroner, melder dei i ei børsmelding.

Telenor kjøper heile selskapet. Eviny eig like over halvparten. SFE er nest største eigar. Sunnfjord og Hyllestad kommune eig 0,7 og 0,1 prosent, og får med det ein del av kaka.

Held fram som Enivest

– Dette er eit viktig strategisk grep for Telenor. Vi held fram med å investere i robust digital infrastruktur i Norge og har tydelege ambisjonar om å vekse på breibandsområdet, også gjennom oppkjøp. Enivest er eit veldrive selskap med sterk stilling lokalt, som passar godt inn i vår langsiktige strategi, seier Benedicte Schilbred Fasmer, konsernsjef i Telenor i meldinga.

Eigarar i Enivest

  • Eviny (55,8 %)
  • SFE (40,3 %)
  • Tussa IKT (1,7 %)
  • Nandor Helgheim (1,4 %)
  • Sunnfjord kommune (0,7 %)
  • Hyllestad kommune (0,1 %)

Telenor melder at Enivest-kundane no vil få tilgang til eit breiare tenestetilbod, mellom anna Telenors underhaldningsinnhald.

Enivest held fram som eiga selskap med same leiing.

– Enivest har ein sterk posisjon i regionen, ein stor kundebase og dyktige medarbeidarar. Vi har bygd ein solid plattform for vidare vekst, og med Telenor som ny eigar har vi gode rammer for å utvikle selskapet vidare, seier Nandor Helgheim, administrerande direktør i Enivest i meldinga.

Kjøper meir fiber

Partane omtalar norske fibermarknaden som «fragmentert», og Telenor hevdar oppkjøpet «er viktig for å sikre robuste og berekraftige tenester».

Oppkjøpet må bli godkjend av Konkurransetilsynet. Telenor fekk denne veka godkjend oppkjøpet av GlobalConnects fiberverksemd, til seks milliardar kroner.

Firda kjem tilbake med meir.

Les også

– Vi står i ein alvorleg situasjon

Les også

Ut mot BKK-nedbemanning: – Løftebrot

Les også

Har forkjøpsrett til Enivest – vil seie den frå seg