For tiande gong vert Balestrand Opp arrangert, men i år skjer det nye endringar. For denne gongen er det ikkje berre oppover folk skal springa.

I år vert løpet kalla Balestrand Opp og Rundt.

– Det er ein ny vri, og det er av fleire grunnar, fortel arrangør Trond Sundby.

Den praktiske gjennomføringa av løpet har hatt litt å seia når dei no har bestemt seg for å endra løpet frå å berre gå oppover, til å bli eit terrengløp.

– Det er vanskeleg å arrangera eit løp med målområde på toppen av eit fjell utan vegtilkomst, seier Sundby, og legg til:

– Dessutan har motbakkespringinga hatt ein dalande kurve. Før har det vore eitt slikt løp i nesten alle kommunar, men dei fleste er lagt ned.

Årets nyvinning

Fjorårets løp vart ein siste krampetrekning av sommar, og nesten 60 personar var med og sprang dei 972 høgdemeterane opp mot Raudmelen.

Trass i god påmelding, sa arrangør Sundby til Sogn Avis i fjor at dei måtte revurdera og tenkja nytt om dei skulle halda fram med løpet.

Grunnen då handla hovudsakleg om at det var tungvint å arrangera eit løp med målgang på toppen av Raudmelen. Mykje skal fraktast, og logistikken er vanskeleg å få til å gå opp om vêret ikkje klaffar. I fjor til dømes var det med eit naudskrik at helikopteret kom seg opp rett før løpet.

Men no har dei altså bestemt seg. Løpet er endra.

6. september vil både start og målgang vera ved Kreklingen stadion ved skulen i Balestrand. Løpet vert ei rundløype som kombinerer motbakke og terrengløp på 9 km i konkurranseklassen. Trimløypa vil vera på om lag 4 km

Ole Hjortland frå Fjellgeitene i fin driv forbi Orrabenken og heiagjengen i fjor.
Foto: Ronja Årskaug Vallestad/Arkiv

– Det er ei løpebølge for tida, så no vert det kombinert.

I tillegg ynskjer arrangørane å få med fleire, også utanom deltakinga i sjølve konkurransen.

– Årets nyvinning er å gje alle barn og unge til og med 16 år gratis deltaking i trimklassen, og så har me aktivitetar langs løypa og på stadion, seier Sundby.

– Breia den gode bodskapen

Sundby peiker på at det er tiårsjubileum for arrangementet. Og på desse ti åra har det kvart år vore eit fast innslag i opningsseremonien.

– Det har vore å dela ein stor gamalost. I år skal me òg gjera det, men det er den nye osten frå Sogn jord- og hagebruksskule som skal delast. Det er viktig for oss å breia den gode bodskapen om kulturretten gamalost, seier han entusiastisk.

Arrangøren har ikkje sjekka dei siste tala på påmelde enno, men sist han sjekka var det rundt 20 stykk. Han reknar med at det kjem til å ta seg opp mot helga.

Bildeserie

Inge Magnar og Marta gjennomførte den hardaste varianten – sjå fyldig biletserie frå Sognefjord Trail Run