Det har Norges fotballforbund (NFF) bestemd seg for.

Førde er sett opp borte mot Florø, som har enda heilt nede i 4. divisjon etter eventyret dei hadde for nokre år sidan. No spelar dei til dagleg mot Jølster, Førde 2, Høyang og Sandane.

I fjor rauk Førde ut for Hødd i NM.

Sogndal får kort reiseveg, det vil seie ingen, og skal møte Fjøra.

– 1. runde i cupen er alltid ein stor begivhenhet og fotballfestar over heile landet, og vi håpar og trur at dette oppsettet skal sørge for det denne gongen òg. Det handlar mykje om å skape gode lokaloppgjer og interessante kampar, og vi har som vanleg i stor grad teke omsyn til geografi, i tillegg til at klubbane helst ikkje skal ha møtt kvarandre i NM dei siste tre åra, seier Rune Pedersen i NFFs konkurranseavdeling i ei pressemelding.

Kampane skal spelast 22. eller 23. august. Endeleg beramming, og eventuelle TV-kampar, kjem forbundet tilbake til.