(Nettavisen): Tidlegare denne veka kunne TV 2 avsløre fleire store endringar i årets «Farmen» – samtidig som deltakarane i den kommande sesongen vart presenterte.
Torsdag morgon kan kanalen også avsløre at det flyttar inn tre forpaktarar på «Torpet», med eit mål om å komme seg inn på Farmen. Dei tre er Amalie Lund, Sebastian Eide og Julia Scott.
Lund og Eide har vore med på «Farmen» tidlegare, medan Scott er heilt fersk. Ho er dotter av tidlegare deltakar Robert Michael Scott, betre kjent som NorwayRob på TikTok.

Les også
Kjøpte Jølster-gard på tre dagar. Slik har det gått
Skeptisk til ny runde
Det vart dramatisk då Sebastian Eide var med på «Farmen» i 2023, og han måtte trekkje seg då blindtarmen sprakk.
– Eg følte at eg hadde tidenes «Farmen» oppleving, men eg rauk på ein veldig kjip måte. Heilt sidan eg vart boren ut av «Farmen» så har eg tenkt på «Torpet» kvar dag, forklarer Eide, som nyleg kjøpte sin eigen gard på Førs i Jølster.
– Det var ein del som måtte falle på plass for at eg kunne vere med på «Torpet», men eg køyrde på og fekk det til. Eg har ikkje så høgt konkurranseinstinkt, målet mitt er å ha ei best mogleg oppleving, fortel han.

TILBAKE: Sebastian Eide er tilbake på TV-skjermen etter at han måtte reise frå garden på grunn av sjukdom i 2023.
Foto: Martin Litwicki
Amalie Lund gjorde seg merka som deltakar på «Farmen» i 2022, men ho fekk også eit opphald på «Torpet», som ho ikkje likte spesielt godt.
– Eg følte at eg var der altfor lenge, derfor var eg ganske skeptisk til å delta igjen. Men det var fram til produksjonen forklarte at dei har gjort store endringar i år, det gjorde at eg vart meir motivert, forklarer Lund.

USIKKER: Amalie Lund var usikker på om ho hadde lyst til å bli med igjen, men let seg til slutt overtyde.
Foto: Martin Litwicki
I etterkant av «Farmen»-deltakinga så har ho vore å sjå i fleire TV-PROGRAM, mellom anna «Paradise Hotel» og «Charterfeber»
– Men eg har funne ut at det ikkje var noko for meg, og eg trivst mykje betre med å bli psyka ut på ein bondegard og leike litt bonde, smiler Lund.
– Fokus på sex og utsjånad
Julia Scott er ny i «Farmen»-universet, men familien hennar har lang erfaring. Faren Robert Michael Scott var med på «Farmen» i 2021, «Torpet «i 2022, og broren Christopher Scott var med på «Torpet» i 2023.
Julia vart veldig glad då det var hennar tur.
– No skal eg inn der og gjere det betre enn pappa og Christopher, det var motivasjonen under heile opphaldet. Dei trur at dei er betre enn meg i alt, men no skal eg bevise at eg også kan, forklarer bergensaren.

FAMILIE-TRADISJON? Både faren og broren til Julia Scott har delteke, og no er det hennar tur.
Foto: Martin Litwicki
Julia fortel at ho er avhengig av dusj, barbering, ansiktspleie og mobilen. Så ho forstår skepsisen til familien. Ho fortel også at dette er langt frå den første TV-produksjonen som har teke kontakt.
– Men det har vore mest show med fokus på sex og utsjånad. Eg synest at «Farmen» og «Torpet» er meir respektabelt. Eg synest det er gøy å gjere noko slikt, eg har aldri utfordra meg på den måten før, smiler Scott.
«Farmen» og «Torpet» har premiere på TV 2 Play 13. august.

Les også
Kjøpte Jølster-gard på tre dagar. Slik har det gått