Årsverka som vil ryka, er i hovudsak innan stab- og støttefunksjonar, personmarked og direktebank.
Samstundes vil banken satsa offensivt innan nye marknadsområde, og truleg auka bemanninga fleire stader. Difor vil det samla talet på årsverk i selskapet truleg halda seg på omlag same nivå over tid.
– Me skal gjennomføra prosessen på ein ansvarleg og ryddig måte, med god involvering av tillitsvalde og oppfølging av dei tilsette som blir råka, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i ei pressemelding.
E24 melde om nyheita først.
Meir KI og moderne teknologi
I 2024 slo Sparebanken Vest seg saman med Sparebanken Sør, og i fjor skifta dei namn til Sparebanken Norge.
– Desse tiltaka er ikkje først og fremst relatert til fusjonen og effektane av denne, men eit naudsynt grep for å møta konkurransen i marknaden, med press på rentenettoen og framleis høg inflasjon, står det i pressemeldinga.
Kutta er ein del av det banken kallar eit «transformasjonsprogram», der banken skal riggast for framtida. Det inneber òg auka bruk av kunstig intelligens, og modernisering av teknologi.
Selskapet, som har omlag 1600 tilsette, har hovudkontor i Bergen, og lokalkontor i Fossbygget i Knarvik.
– Det er ingen konkrete planar om å nedbemanne i Knarvik. Sparebanken Norge vil fortsatt vera tilstades for kundane på same måte som før, opplyser kommunikasjonssjef i Sparebanken Norge, Marthe S. Berg-Olsen til NH.