Vest politidistrikt melder om hendinga klokka 15:13 fredag ettermiddag.

– Naudetatane er på veg til staden etter melding om bil som har køyrd inn i eit hus, opplyser operasjonsleiar Ole Ronny Olsen.

Hendinga skal ha skjedd ved E16 i Lærdal.

Fleire politipatruljar har rykt ut frå både Sogndal og Lærdal.

Store ressursar rykte ut til Lærdal fredag ettermiddag.
Foto: Ole Ramshus Sælthun

Eitt køyretøy og to personar skal vera involvert i ulukka. Begge dei involverte sat fastklemde.

Klokka 15:25 er naudetatane framme på staden og bilen dratt ut frå husveggen.

– Begge personane er ute av køyretøyet. Pågår HLR på staden, opplyser Olsen.

Ulukka er også notert i vegmeldingane på vegvesenet sine sider. Det blir det opplyst at vegen er stengd forbi staden.

Huset bilen køyrde inn i skal vera eit feriehus.

– Me har akkurat fått avklart at huset er tomt, opplyser Olsen til Sogn Avis.

Ulukka står fram som alvorleg.

– Det blir framleis gjort førstehjelp på staden, og det er fleire luftambulansar på veg som ikkje skal vera langt unna, seier Olsen.