Klokka 15.13 melder politiet om ei trafikkulykke i Lærdal.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Ole Ronny Olsen, opplyser at ein bil skal ha køyrd inn i eit hus. Naudetatane har rykt ut med mange ressursar.

– Det er fleire luftambulansar på staden, seier Olsen til Firda.

Det er éin bil og to personar involvert. Begge to sat fastklemd i bilen, men naudetatane har fått dei ut av bilen.

Ulykka er alvorleg.

Operasjonsleiar Ole Ronny Olsen opplyser at det går føre seg livreddande førstehjelp på staden.

Olsen fortel til Firda at huset bilen har køyrt inn i er eit feriehus og ingen var heime då ulykka skjedde. Politiet har vore i kontakt med huseigar.

Politiet er på staden og vil utføre undersøkingar og ulykkesgruppa i Statens vegvesen er varsla og på veg.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka, det er det politiet og ulykkesgruppa vil jobbe vidare med, seier Olsen.

Vegen vil vere stengd i ein periode som følge av ulykka.

Firda kjem tilbake med meir.