Sjølv om det ikkje er uvanleg å sjå store skip og eksklusive yachtar segla på Sognefjorden, reagerte nokre kanskje med undring då fregatten HDMS «Esbern Snare» dukka opp.

Det er slett ikkje kvar dag at danske krigsskip tek turen inn i fjordarmane våre. Laurdag vart han mellom anna oppdaga utanfor Slinda på veg innover fjorden.

Ifølgje MarineTraffic, ei teneste som sporar skip og båtar over heile verda i sanntid, er fregatten på veg til Frederikshavn i Danmark. Men før dei set kursen heim til hovudbasen sin, ser det ut til at mannskapet nyttar høvet til å sondera terrenget i Sognefjorden.

I skrivande stund er dei på veg inn Lustrafjorden.

På skipet si eiga facebookside har mannskapet delt bilete frå ferda inn Sognefjorden. Til høgre kart som viser skipet sin posisjon i Lustrafjorden i skrivande stund.
Foto: Skjermdump frå Facebook/MarineTraffic

Eitt av dei største

HDMS «Esbern Snare» er ein dansk fregatt i Absalon-klassen som høyrer til det danske Søværnet. Skipet vart sjøsett i 2004, og er eitt av dei største og mest slagkraftige krigsskipa i Norden.

Skipet er 137,6 meter langt og 19,5 meter breitt. Til samanlikning er logistikkskipet KNM «Maud», som vert brukt av det norske sjøforsvaret, 183 meter langt.

Det danske krigsskipet har ein toppfart på over 23 knop, noko som svarar til om lag 43 km/t. Fast mannskap er på rundt 100 personar, men det er plass til fleire ved behov.

Fregatten er nemleg utstyrt med eit såkalla «flex-dekk» på 900 kvadratmeter. Dette gjer at han raskt kan omstillast til ulike typar oppdrag, som til dømes transport av opptil sju stridsvogner, eller fungera som kommandoskip for ein heil flåtestyrke.

Verdas djupaste fjord gjev perfekte høve til å øva på ubåtjakt.
Foto: Vidar Avdem Stadheim

Kjem rett frå NATO-øving

Skipet har vore med på fleire internasjonale operasjonar, og spelte mellom anna ei sentral rolle i NATO sin utanfor Somalia.

Kva som er den eksakte årsaka til Sognefjord-visitten akkurat no er uvisst, men truleg nyttar dei høvet til å oppleva verdas djupaste fjord etter ei avslutta NATO-øving utanfor norskekysten.

HDMS «Esbern Snare» har nyleg vore med på «Dynamic Mongoose 2026». Dette er NATO si årlege øving på antiubåtkrigføring, der ti nasjonar har øvd på krigføring over og under vatn i to veker.