Det stadfestar operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt laurdag kveld.

Lasse Solheim, jourhavande jurist i Vest politidistrikt, opplyser til BT at begge var busett i England.

– Dei to avdøde er høvesvis tysk og engelsk statsborgar, seier Solheim.

Dei to omkomne sat i bilen som køyrde inn i eit hus ved E16 i Lærdal fredag ettermiddag. Dei var truleg i Noreg som turistar.

Det var vitne på staden som såg ulukka, varsla naudetatane og kom til for å hjelpa.

Naudetatane kom raskt til staden. Det vart utført hjarte- og lungeredning, men livet til dei to stod ikkje til å berga.

Solheim opplyser til BT at politiet og ulukkesgruppa er ferdige med sine undersøkingar.

– Det er per no for tidleg å seia noko nærare om årsaka til ulukka, seier han.

Les også

– Ei alvorleg ulukke med tragisk utfall

Les også

Bil har køyrd inn i hus i Lærdal