Klokka 00.34 natt til søndag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på rv. 5 ved Rotenes mellom Førde og Naustdal.
Det var ein bil involvert og fem personar i bilen.
Politiet melde ifrå om ulykka i Politiloggen klokka 07.04.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord, fortel til Firda at bilen skal ha køyrt i autovernet for å så inni fjellveggen.
Rebnord fortel at alle fem kom seg ut av bilen og verka oppegåande.
Likevel vart tre personar er sendt til sjukehus. To er tatt med vidare til legevakt for undersøkingar.
– Vi mistenker at éin eller fleire ikkje hadde på seg setebelte. Det såg ikkje ut som nokon hadde alvorleg skade, men ein veit aldri. Difor sende vi tre av dei til sjukehus, seier operasjonsleiaren.
Politiet mistenker promillekøyring og har oppretta sak.