SISTE: Ulukkesstaden er rydda og vegen er opna for fri fredsel like før klokka 11:30. Ein person er frakta til Voss sjukehus, og den andre er flydd til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Naudetatane er på veg etter melding om trafikkulukke på vestsida av Flenjatunnelen på E16 i Aurland. Politiet fekk melding om ulukka i 10-tida søndag morgon.

Det er to motorsyklar som skal vera involvert, skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt på politiloggen.

Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen vart stengde som følgje av ulukka.

Klokka 10.22 opplyser Rebnord at brannvesenet er framme på staden. Ifølgje operasjonssentralen skal dei to involverte vera vakne og medvitne.

Luftambulansen er på veg mot staden.

Rundt klokka 10.40 er politiet framme på staden.

Dei to involverte MC-førarane har truleg brotskadar, ifølgje operasjonsleiar.

– Elles ukjend skadeomfang. Bilbergar til begge motorsyklane er bestilt og på veg, skriv Rebnord i loggen.

Politiet har ein førebels teori om hendingsforløpet. Det kan vera snakk om ein påkøyrsel bakfrå.

– Den eine av dei to MC-ane skal ha bremsa ned for å svinga av E16. MC nummer to som kom bak skal ha køyrd i den første MC-en, opplyser Rebnord.

Flenjatunnelen er stengd, og det ser ut til å danna seg lang kø frå Flåm-sida.
Foto: Webkamera Statens vegvesen