I år ville far til Katrine Børretzen i Egersund fylt 100 år. I over eit år har dottera til Odd Børretzen jobba med prosjektet som er meint å vera ein hyllest til den folkekjære artisten, skribenten og faren.

– Det starta i det stille – med minne, tekstar og songar, og med eit ønske om å gjera noko personleg og ærleg med materialet han etterlet seg. Etter kvart vaks ideen, og tankar blei til ekte planar, seier Katrine Børretzen.

Det balla på seg

Inger-Johanne Røyset og Katrine Børretzen

KONSERTPROSJEKT: Inger-Johanne Røyset (t.v.) og Katrine Børretzen startar planlegginga av hyllestkonserten for Odd Børretzen for over eit år sidan.
Foto: Privat

Ho fekk med seg Inger-Johanne Røyset, som var nyinnflytta til Egersund, og nå begynte planane for alvor å ta form. Dei henta pianist frå Stavanger, Odd Brommeland, og begynte å øva.

– Til å begynna med øvde me i stova til Inger-Johanne i Hestnes. Så blei det øvingsrommet i kjellaren hos Odd i Stavanger, fortel Katrine Børretzen.

Musikken og historiene begynte å ta form, men trong meir volum, fylde og innpakning, meinte dei tre involverte.

– Etter kvart tok eg kontakt med gitarist Hans Petter Stifoss-Hanssen i Grimstad. Eg sa kva me heldt på med og spurde om han ville få med seg fleire og bli med oss på vegen vidare, seier Børretzen.

Det ville han. Børretzen & di består nå av seks personar. I tillegg til dei som alt er nemnde, er Ole «Kelly» Kvamme frå Arendal med på bass og Erlend Sørensen frå Lillesand på slagverk.

Premiere for fullt hus

Laurdag hadde gjengen premiere på «Da sier vi alt dette» i form av ein utselt sommarkonsert i Apotekergaarden i Grimstad.

– For meg var det naturleg å ha premiere i Grimstad, sidan far tok med seg familien dit, og eg vaks opp der. Apotekergaarden blei eit naturleg sceneval, forklarer Katrine Børretzen.

Parallelt med planlegginga av konserten på Sørlandet ordna dei to eigersundsdamene seg òg avtale med Ellingsens Hotel i Egersund om ein haustkonsert. Lokalet og scenen på Ellingsens Hotel er under oppussing, men skal stå konsertklart til siste helga i september.

Børretzen & di i Apotektergaarden i Grimstad

STRÅLANDE MOTTAKING: Inger-Johanne Røyset (t.v.) og Katrine Børretzen er overvelda av dei fine tilbakemeldingane etter premieren på «Da sier vi alt dette» i Apotekergaarden i Grimstad laurdag kveld.
Foto: Henning Jansen

Børretzen & di i Apotektergaarden i Grimstad

MÅKE-MEISTER: Carine Gronholz kom flygande frå Oslo for å få med seg, og bidra litt under, konserten i Grimstad. Ho er europameister i måkeskrik. Som kjent hadde Odd Børretzen eit spesielt forhold til måker.
Foto: Henning Jansen

Dobbelkonsert i Egersund til hausten

Som konserten i Grimstad på laurdag, blei også konserten i Egersund 26. september raskt utselt.

– At billettane til begge konsertane fauk ut på eit blunk, har gledd oss stort. Fleire har etterspurt ein ekstrakonsert i Egersund, og me har bestemt oss for å gjera ein ny konsert i byen sundag 27. september, opplyser Katrine Børretzen.

Kanskje stoppar det heller ikkje der:

– Konserten i Grimstad blei ein kjempesuksess. Det var stinn brakke, og me er overvelda av alle dei fine tilbakemeldingane og oppfordringane om å ta prosjektet vårt rundt til andre plassar i landet. Eg kan nokså sikkert seia at det iallfall blir fleire konsertar i Rogaland og på Sørlandet, så får me sjå kor det endar, seier Inger-Johanne Røyset til Dalane Tidende dagen etter premieren.