Politiet mottok fleire klager på støy og høg musikk i Naustdal. Det vart også skote opp fyrverkeri.

Klagene kom frå midnatt og fram til 02.00, melder Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ein patrulje reiste til staden.

– Vi møtte på ein russebuss som blei kontrollert. Dei fekk pålegg om å avslutte musikkspelinga.

Det var russ frå Førde og Florø som hadde møttest i Naustdal.

Klokka 02.23 blei dei også varsla om personar som skaut med eit luftvåpen på ein rasteplass.

Patruljen møtte fire unge menn i 18-22-års-alderen. Dei erkjente at dei hadde skote mot flasker.

Politiet tok beslag i våpenet og alle fire vart vist bort frå staden.