NRK melder at dei har opna opp for at dei opnar for sluttpakke for alle faste tilsett.

Kringkastingssjef, Vibeke Fürst Haugen, opplyste om dette på eit allmøte på måndag. Rikskringkastaren har vedteke store kutt: i løpet av dei neste åra skal opp til 400 stillingar slankast vekk.

Bakgrunnen er store investeringar i teknologi og pris- og lønnsveksten i samfunnet.

Håpet var at naturlege avgangar og bemanningskontroll kunne vere nok for å komme i mål med innsparingane. Men M24 melder at effekten av denne har ikkje vore god nok, og at færre enn antatt har valt å slutte det siste halve året.

Derfor tar dei no ytterlegare grep for å få fortgang i prosessen.

– NRK står framfor de største endringane på mange tiår. Vi går inn i ei tid då vi må jobbe helt annleis enn før. Alle må vere innstilt på det. Nå opnar vi opp for at kvar enkelt kan gjere ei vurdering av moglegheita til å søke sluttpakke, seier Haugen til NRK.