Debattinnlegg

Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kvart år, når Pride kjem opp som tema i skulen, kjem og påstanden om at «skulen skal vere verdinøytral», og at Pride difor ikkje høyrer heime i klasserommet. Men det er ei misforståing av kva skulen er, og kva skulen alltid har vore.

Skulen har aldri vore verdinøytral. Skulen er tvert imot ein av dei viktigaste stadene vi som samfunn formidlar felles verdiar til barn og unge. Vi lærer ikkje berre å lese, skrive og rekne, vi lærer kva slags samfunn vi ønskjer å vere.

Bilde fra Pride i Sogndal 2024.
Foto: Adelheid Breidvik

Vi lærer elevane at demokrati er bra. At ytringsfridom og rettstryggleik betyr noko. Vi lærer at apartheid var horribelt, at nazismen var ein fiende av fridom og menneskeverd, at slavehandel var grove brot på menneskerettane, og at segregering var gale. Dette er ikkje «nøytralt». Det er verdibasert opplæring, og det er heilt nødvendig.

Og det stoppar ikkje der: Sjølve skulestrukturen er politisk og verdistyrt. Kva fag vi har, er politiske val. At vi har sidemål, er eit politisk val, og eit uttrykk for at vi vil ta vare på språk, kultur og identitet i heile landet. Kor mange gymtimar elevane skal ha, er politisk. Om vi skal ha arbeidslivsfag, sløyd og praktiske fag, er politisk. Timetal, innhald og prioriteringar seier noko om kva vi meiner er viktig å kunne, og kven skulen skal vere til for.

Når nokon då seier at Pride ikkje høyrer heime i skulen fordi skulen skal vere «nøytral», så overser dei at skulen allereie står for noko: likeverd, respekt og at ingen skal mobbast eller haldast utanfor fellesskapet.

For meg handlar Pride i skulen ikkje om partipolitikk. Det handlar om skulemiljø. Om at elevar som bryt med normer for kjønn og seksualitet, eller som har foreldre, sysken eller vener som gjer det, skal sleppe å kjenne seg åleine. Det handlar om å førebyggje mobbing og utanforskap, og om å byggje eit fellesskap der det er plass til fleire.

Eg oppteken av sterke fellesskap og små skilnader, og av at skulen skal vere ein trygg stad å vere, uansett kven du er og kvar du bur. Då må vi og tole at skulen formidlar verdiar som inkluderer, ikkje ekskluderer.

Skulen har aldri vore verdinøytral. Spørsmålet er ikkje om skulen skal stå for verdiar, men kva verdiar vi vil at skulen skal stå for. 

Eg meiner svaret bør vere tydeleg: menneskeverd, respekt og ein skule der alle elevar kan kjenne seg trygge.