110 Vest melder måndag ettermiddag om røykutvikling frå ein kjellar på ei adresse i Sunnfjord.
– Det er meldt om røykutvikling. Det er bebuarar som har komme heim og oppdaga røyken, men det er ikkje observert opne flammar, seier vaktleiar Tore Fanebust klokka 16.12.
Huset der røykutviklinga har skjedd er opplyst å vere ved rv. 5 Naustdalsvegen, mellom Førde og Naustdal.
Brannvesenet er på veg til staden.
Klokka 16.30 melder 110 Vest at brannvesenet er framme og at dei melder brannen sløkt.
Vaktleiar Fanebust fortel at det skal ha brunne i noko utstyr i kjellaren.
– Ein forbipasserande har vore inne og sløkt, før brannmannskapet kom til staden, seier vaktleiaren.
Brannen skal ha blitt sløkt med pulverapparat, og Fanebust fortel at brannmannskap difor no arbeider på staden med saneringsbil og vifter for å lufte ut og å fjerne pulver.
Det var som nemnt ikkje observert opne flammar innleiingsvis, men ettersom at det vart nytta pulverapparat, fortel Fanebust at det truleg har brunne i utstyret der røykutviklinga kom frå.
Årsaka til brannen og røykutviklinga skal ikkje vere kjent enno.
Les også
Kollisjon mellom bil og ATV