Ein treng ikkje bli sett på som å vera rasist eller homofob, håpar eg, om eg får lov til å ytra mi meining angåande pride og markering på offentlege flaggstenger. 

Eg veit det har vore ei lovendring og at det er i dag lov å heisa «symbolflagg» på offentlege flaggstenger. Og eg er i det heile ikkje i mot pride berre så det er sagt, og eg prisar initiativa og markeringane for pride. Eg er faktisk glad i og stolt kjent av fleire «skeive», og for meg er dei lika mykje verd som alle andre. For meg kan skular, vegar og rådhus sjølvsagt prydast med pridefargane både på fasade og med balkongflagg, men på den offentlege flaggstonga skal for meg berre det norske nasjonalflagget heisast. Eller om nødvendig orlogsflagget heisast. 

Igjen, eg er for markering og er glad i alle uansett legning, religion eller anna. Kanskje detta berre er ein vrang og aldrande mann si meining. Men for meg handlar og detta igjen om mi meining, og det er at det for meg, berre er det norske flagget som skal heisast på offentlege flaggstenger. Mitt syn på akkurat dette med flaggheising på offentlege flaggstenger har igjen i det heile ingen relasjon utover noko anna enn at eg ser på flaggstonga som Noregs og nasjonens tre, der det norske flagget skal bløma. 

Eg vil komma med eit kompromissforslag. Og det er at Noregs flagg blir heist på alle offentlege bygg i heile pride-perioden. Symbolikken kan ikkje bli sterkare. Det norske flagget representerer dei same verdiane og kanskje vel så det. Håper de som les dette skjønner at eg ikkje er ute etter splid og konfrontasjonar, men faktisk óg vil løfta fram likeverd, men óg nasjonal stoltheit (stoltheit i den forstand at vi ikkje er her til pynt men og kan slå oss på brystet og stå imot utvendige nasjonale press og truslar).