Dei to miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom trur på siger i saka, då tre norske domstolar har slått fast at løyvet til å dumpa gruveavfall i Førdefjorden er ugyldig.

– Me håpar på ein tydeleg dom som fastslår at denne typen forureining av verdifull natur ikkje kan tillatast, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding.

Borgarting lagmannsrett slo i fjor fast at utsleppsløyvet i seg sjølv er ugyldig, fordi det strir med eit EU-direktiv om degradering av vasskvalitet.

– Staten anka dommen fordi det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka. Me ser fram til at Høgsterett no skal behandla henne, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NTB i november.

Gulating lagmannsrett kom fram til at dumpinga av gruveavfall får halda fram sjølv om hovudsøksmålet i saka er under behandling i Høgsterett.

Miljøorganisasjonane og Nordic Mining har anka sakskostnadene på 3,75 millionar kroner i ei av Førdefjorden-rettssakene til Høgsterett i tillegg.

Les også

11 organisasjonar går inn som partshjelp

Les også

Held på kra­vet om 8,5 mil­li­o­nar: – Eit prin­sipp­spørs­mål